Kunnskapskristen?

Flyktningar i Noreg som seier dei har konvertert frå Islam til Kristendom blir ikkje alltid trudd av UNE. Myndigheitane meiner at konvertittanes tru ikkje er truverdig nok: Kunnskapen er ikkje tilstrekkeleg.

Ein afghanar som har blitt intervjua av avisa Vårt Land seier at han kjem til å bli drept om han returnerar til heimlandet, men UNE trur ikkje på at han har blitt ein kristen. Til dømes svara han at Jesus vart fødd 1. januar, og ikkje den norske datoen 24. desember. Søkjaren visste at i Iran feirer kristne Jesu fødsel 6. januar (i likheit med andre ortodokse kristne), og trudde at Noreg feira det ved nyttårsskiftet. Han gløymde også eitt av namna på dei fire evangelistane: Matteus, Markus, Lukas og Johannes. Det var dei som skreiv ned historia om Jesu liv. Er desse spørsmåla nok til å vurdere om ein er kristen eller ikkje? Enkelte stader krever prestar at dei som vil la seg døype må studere Bibelen i ei viss tid fordi dei vil at konverteringa skal vere på eit autentisk ønskje. Det er jo folk som seier at dei har konvertert, men ikkje er det på ordentlig. UNE krev difor at menneske som søkjer om asyl i Noreg på grunn av at dei har konvertert frå Islam til Kristendom må leggje fram ei kunnskapsnivå om trua si. Problemet er at mange som er på flukt har ikkje hatt tid til å studere Bibelen eller dei teoretiske fakta rundt Kristendomen som dei fire evangelistane eller datoen for Jesu fødsel. Kva då med dei som aldri har lest eit einaste ord i Bibelen, men som opplev at Jesus oppsøkjer dei i ein draum?

For ei stund sidan fekk eg høyre om eit ektepar frå Midtausten som hadde flykta til Noreg. På eit eller anna tidspunkt hadde dei opplevd at Jesus kom til dei i ein draum. Dei måtte finne ut meir om denne Jesus, fordi dei kjende han berre som (den muslimske) profeten Isa. Dei oppsøkte først ei kyrkje, men fekk beskjed om at dei ikkje tok imot slike henvendelsar. Ei anna kyrkje var stengd, men i den tredje kyrkja fekk dei møte ein prest som tok imot dei med opne armer. Her fekk dei lære kven Jesus er, kva han har gjort og kva tankar han hadde for ekteparet. Dei valde å ta imot han som sin frelsar og lot seg døype. Mannen tok eit nytt namn då han vart døypt: Namnet til presten som hadde gjort så mykje for dei. Litt seinare fekk dei høyre at familien i heimlandet vart trakkassert, og ein far var fengsla. Nokon hadde fortald at ekteparet hadde konvertert i Noreg. Men kven? Den einaste forklaringa var ein spion i kyrkja. Ingen veit kven det er, men ekteparet hadde jo ikkje fortalt om konverteringa til nokon andre enn kyrkjelyden. Paret dro tilbake til heimlandet for å hjelpe familien, og der vart mannen torturert. Dei klarte å flykte tilbake til Noreg, og bevisa for torturen har dei “heldigvis”.

 

Prosessen frå å ikkje vite noko om kristendomen og Jesus, til å la seg døype kan vere ganske kort. Då er det jo også naturleg at ein ikkje lærer så mange detaljar og teoretisk innhald. Ein lærer det viktigaste: Jesus er Guds son, han døydde på krossen for vår synd og sto opp att. Om vi tek imot han skal vi også ha evig liv. Kven som skreiv evangelia har ingenting å seie for om du er kristen eller ikkje. Jesus vart nok ikkje fødd ved vår tradisjonelle juletid heller, men datoen vart berre plassert der av praktiske årsakar. Tru kan ikkje målast i kunnskap like lite som ein kan seie at nokon er ein beitre kristen enn andre. Eg har gått eitt år på bibelskule. Betyr det at eg er ein beitre kristen enn mannen min som ikkje har gjort det? Eg har jo meir teoretisk kunnskap om kristendomen enn han… Nei! Det tek tid å lære seg desse tinga, men trua treng ikkje å vere tidkrevjande før den melder seg. Den kan komme ganske plutseleg.

 

Matteus 7,  7 Be, så skal de få. Leit, så skal de finna. Bank på, så skal det latast opp for dykk.  8 For kvar den som bed, han får; og den som leitar, han finn, og den som bankar på, skal det latast opp for.

Johannes 5, 24 Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Den som høyrer mitt ord og trur på han som har sendt meg, har evig liv og kjem ikkje for dommen, men har gått over frå døden til livet.

Johannes 11, 25 Då sa Jesus til henne: «Eg er oppstoda og livet. Den som trur på meg, skal leva om han så døyr.

 

Kjelde:

http://www.vl.no/troogkirke/konvertitter-blir-ikke-trodd-pa-troen/

Stjerneskotet

Her kjem ei historie eg skreiv for ei stund sida. Handlinga foregår i jula, men egentleg kan det overførast til alle andre sosiale settingar også.

 

Ho hadde ikkje tenkt å dra, men så ombestemde ho seg i siste liten. No var ho her i lag med ein gjeng som ikkje visste kva ho gjekk og bar på, og slik ville ho ha det. Jenny hadde gjort mykje gale i sitt unge liv og no skulle ho snart bøte for det. Først skulle berre jula feirast. Familien åt og skåla, dei ante at noko ikkje var heilt som det skulle – men dei spurde ikkje. Dei tenkte at ho fekk seie det ho hadde på hjartet om ho ville det sjølv, og Jenny var takksam for det. Ho tenkte på dei månadane som hadde gått i høgt tempo, og sala hadde skote til nye høgdar. Ho visste kvar ho skulle kjøpe og kvar ho skulle selje for å få mest mogleg profitt. Enkelt og greitt, ho hadde sine kontaktar. Men så hadde politiet rulla opp i nettverket, og lina hadde snøra seg rundt ho. Dommen vart på fire månader, men ho tenkte at ho var ute etter to på grunn av alderen og relativt reint rulleblad frå før. Om ho var skuldig? Ja, det var ho. Om ho kjende seg skuldig? Ho visste ikkje heilt. Kva anna skulle ho gjere? Alle ho kjende var involvert i det same, og no hadde nok ein del yrkesretningar fått ei lukka dør. Ho sukka stille i det ho smila og sang “Glade jul” saman med tantar og onklar, syskenborn og besteforeldre.

IMG_6224Jenny hadde gått ut på verandaen for å tenne seg ein røyk då syskenbornet Finn kleiv ut døra. “Hei,” sa han og tende ein røyk han også. “Fin familie vi har, ikkje sant?” smila han med sneipen i munnen. Jenny klukklo og snudde seg mot Finn. “Eg trudde det skulle bli ei stille jul, men tydelegvis er det lenge sidan eg har vore i lag med dykk.” “Ja,” pusta Finn. “Eg høyrde at du nesten ikkje kom.” Jenny trakk pusten og såg opp på stjernehimmelen. “Eg… eg har vore involvert i nokre dumme ting. Men slik er livet, tenkjer eg. Eg må berre sone straffa mi, så får vi sjå kva som skjer.” Finn la handa si på hennar hand og klemte til: “Du, du veit at vi er glade i deg? Vi har jo sett korleis ting ikkje heilt har gått din veg, men vil du prøve å snu på situasjonen din?” Jenny kjende at det stakk i magen. Ho var ikkje førebudd på noko slikt. Ikkje frå Finn i det minste. Kva visste han? Sakte byrja Jenny å fortelje korleis ho hadde byrja å kjøpe og selje, korleis ho skaffa seg eit nettverk og korleis det heile vart fanga opp av politiet. Ho fortalde om dommen og tankane ho hadde for soninga og framtida. Finn var stille og lytta til kvart einaste ord uten å seie noko. Då Jenny var ferdig, såg ho opp på stjernehimmelen att. I same augenblink fór eit stjerneskot og Finn kviskra: “Kva er ditt ønske?” Jenny lukka augo og smilte; Ho visste akkurat kva ho ønska seg. “Takk,” sa ho til det knapt to år eldre syskenbarnet, “Takk for at du ikkje seier noko som eg allereie veit.” Og med dei orda stumpa dei røyk nummer to og gjekk inn i stova til resten av familien.

Ei vrangførestelling eller sanning?

37 «Du er altså konge?» sa Pilatus. «Du seier at eg er konge», svara Jesus. «Til dette er eg fødd, og til dette er eg komen til verda, at eg skal vitna om sanninga. Kvar den som er av sanninga, høyrer mi røyst.» 38 «Kva er sanning?» sa Pilatus. Dermed gjekk han ut til jødane att og sa til dei: «Eg finn inga skuld hos denne mannen. (Johannes 18, 37-39)

Bibelstaden over er henta frå slutten av Jesu liv, frå langfredag og Jesus blir etterkvart dømd til å døy på krossen. Jesus seier ikkje sjølv at han er konge, men at han skal vitne om sanninga. Pilatus forstår ikkje kva Jesus seier, og spør tilbake – utan å vente på svar – “kva er sanning?” Gjennom heile historia har menneske stilt seg det sam spørsmålet som Pilatus, og filosofien har det som eit av sine store mantra. For kva er sanning? Mange seier så forskjellige ting, at det er vanskeleg å vite kva som faktisk er det sanne. I ein rettsal skal dommaren finne ut kven som fortel sanninga, men det er ikkje alltid lett. For sanninga kan ofte liggje skjult, eller vitneutsagna kan vere så forskjellige at ein ikkje har sjans til å skjønne kven som er sann. Jesus seier i teksten over at han skal peike på sanninga, og løysninga er å lytte til Jesu ord.

 

Eg har ei venninne som slit psykisk med sitt gudsforhold. Utan å gå for mykje inn på historia hennar, kan eg seie at noko av problemet ligg i nettopp spørsmålet: “Kva er sanning?” For ho har ei vrangførestelling om kven Gud er ovanfor ho og heile gudsrelasjonen har ein stor sprekk i seg. Men for ho er den vrangførestellinga sanninga. Andre menneske rundt ho fortel ho andre ting og forsøker å fri ho frå vrangførestellinga, men ho slit med å vite kva ho faktisk skal tru. For kven har sanninga? Er det dei andre? Er det dei tolkningane ho har lest på internett? Er det det ho sjølv les i Bibelen? Sanninga er langt borte og vanskeleg å gripe tak i . Ho er komplisert, innvikla og gøymd. For vrangførestellinga verkar så mykje sterkare no, og det vi fortel er om ein kjærleg Gud som vil ha ho trass synd, trass kjensler, trass alt. Den strengaste dommer i dette tilfellet er ikkje Gud, men ho sjølv. Sanninga er at Jesus døydde på krossen for alle synderar – ikkje dei perfekte. Hennar spørsmål er: gjeld det også meg? For ho klarer ikkje å forstå at Guds nåde også gjeld ho i det mørkret ho er i no.

 

15 Men du, Herre, er ein mild og nådig Gud,
          sein til vreide, rik på miskunn og sanning. (Salme 86, 15)

Pastoren min kom med eit fint bilete som eg vil dele her. Det fortel om kor Gud vil at vi skal kome til han med alt vi har. ALT (understreka tre gonger). “Eg fekk eit bilete av ripsbærsafta som mor mi pla lage. Ho sjenka i koppen, men stoppa før grumsen kom med. Men eg kjente at Gud sa: Gje meg også botnslammet. Eg vil også ha det.” Salmane er eit godt døme på at David ikkje spara på noko når han ba til Gud. Slik gjorde også Moses. Dei irettesatte nærast Gud. Kommanderte han til å gjere slik eller slik. Og Elia som flykta då Jesabel ville drepe han, sjølv om Gud nett hadde vist 900 baal-profetar kven som var Herren (1. Kongebok 18-19). Eller Jona som nekta å vitne i Ninive, fordi han visste at Gud ville vere nådig og ikkje fullføre dommen han skulle seie over dei (Jona 1). Eller Peter som nekta for at han kjende Jesus (Matteus 26), men Jesus tok han likevel tilbake til seg (Johannes 21).

 

Til slutt vil eg avslutte med eit sitat av C.S. Lewis som eg har høyrd gong på gong, og eg går ikkje lei av det. Kven er Jesus? Er han sanninga, gal, bløffmakar eller av djevelen?

“I am trying here to prevent anyone saying the really foolish thing that people often say about Him: I’m ready to accept Jesus as a great moral teacher, but I don’t accept his claim to be God. That is the one thing we must not say. A man who was merely a man and said the sort of things Jesus said would not be a great moral teacher. He would either be a lunatic — on the level with the man who says he is a poached egg — or else he would be the Devil of Hell. You must make your choice. Either this man was, and is, the Son of God, or else a madman or something worse. You can shut him up for a fool, you can spit at him and kill him as a demon or you can fall at his feet and call him Lord and God, but let us not come with any patronizing nonsense about his being a great human teacher. He has not left that open to us. He did not intend to.(…) Now it seems to me obvious that He was neither a lunatic nor a fiend: and consequently, however strange or terrifying or unlikely it may seem, I have to accept the view that He was and is God.”

Når språk blir ei hindring

“Kjenner du nokon som snakker fransk?” spurte ein i kyrkja meg i dag. Litt for spøk svara eg at eg kunne litt, fordi eg hadde hatt det på skulen. “Ja, men då må du komme bort hit for å prate med ein afrikanar som er ny!” Eg vart med eitt litt meir nervøs, for eg har jo ikkje snakka fransk på fleire år – så mykje er gløymd for lenge sidan! Men jo, eg måtte gå fram og helse på mannen. Det første eg sa var at eg berre kunne litt, men at eg forsto litt meir enn eg klarte å seie sjølv. Mannen fortalte at han var frå Elfenbenkysten og budde på asylmottak ikkje så langt unna. Han hadde tidlegare i veka leita etter ei evangelisk kyrkje og hamna til slutt ved vår kyrkje på grunn av krossen på veggen. I dag møtte han opp til kyrkjetid for å tilbede Gud. Eg blir stadig imponert over utlendingar som ikkje snakker engelsk (fordi vi har engelsk tolkning på gudstenestane), men likevel kjem til oss gong etter gong.

 

Når språket blir ei hindring, er det omsorgen som får ein til å kjenne seg velkommen. Det er ikkje alltid vi klarer å kommunisere til kvarandre når vi snakkar same språk heller. Men når vi ikkje forstår kva hverandre seier i ord, då blir kva vi gjer desto viktigare. I kyrkja mi blir vi utfordra på det med jamne mellomrom fordi utlendingar har ein tendens til å komme til oss. Vi har for eksempel mange kinesarar, så der er det ein som også tolkar på nokre gudstenestar. Vi har folk frå Iran, som snakker litt engelsk – men ikkje særleg mykje. Vi har folk frå heile verda som kjem til kyrkja vår sjølv om dei ikkje kan norsk eller engelsk, men dei har uttalt at: “Her er Gud. Her er de slik som Gud har sagt at vi skal vere. Her kjenner eg meg velkommen. Her kan eg vere meg.” Det er vår oppgåve som kyrkjelyd og som medmenneske. Desse menneska er våre brødre og systre, og eg vil at dei skal kjenne at dei kan komme tilbake sjølv om kommunikasjonen er begrensa. For Guds ord og herlegdom er større enn kva ord kan seie, så der blir både eg som nordmann og den fransktalande afrikanaren sidestilt. Ingen av oss klarer å gripe tak i kor stor Gud er, uansett språk og kommunikasjonsevne.

 

Gud har kalt alle menneske til å vere hans barn. Det inneber jo at ein har menneske frå over heile verden med utallege språk – og alle tjener vi den samme Gud. Kyrkja mi har som sagt mange medlemmer frå mange stader i verda og mange forskjellige språk. Omsorgen som vi har for kvarandre er noko eg kjenner på som spesielt for kyrkja mi. Det var noko av det som gjorde at eg kjende meg så velkommen første gong eg var der også for omtrent tre år sidan. Kommunikasjon er viktig, og det å forsøke å forstå kvarandre er viktig for eit samhald. Paulus seier til korinterane:

Ingen vet hvor mange språk det finnes i verden, og alle språk har sin mening. 11 Men dersom jeg ikke kan språket, blir jeg en fremmed for den som snakker det, og han blir en fremmed for meg. 12 Slik er det også med dere. Når dere nå legger så stor vekt på åndsgavene, så søk å bli rike på gaver som bygger opp menigheten! (1. Kor 14, 10-12)

Sjølv om Paulus her snakker om nådegavane og korintaranes fokus på tungetale særskilt, kan eg sjå korleis desse versa også gjeld ei flerkulturell kyrkje. Vi vil søke Gud for å gje oss visdom til å seie dei rette tinga, omsorg til dei som treng det og lemmer til å faktisk gjere noko med det. Om vi ikkje hadde hatt “Newcomer’s corner” i kyrkja vår etter gudstenesta eller hatt fokus på å sjå etter nye, kor mange hadde vi ikkje då oversett? Kjærleiken for kvarandre er noko av det mest spesielle hos kristne.

 

Eg håper min fransktalande bror kjem tilbake neste søndag. Eg skal forsøke å lese meg litt opp på fransken min slik at eg kanskje kan seie litt meir enn eg gjorde i dag: Slik at vi kanskje kan prate litt meir og eg kan ynskje han ordentleg velkomen. Eg håper han tek turen. Eg håper at han kjende seg velkomen og at kyrkja vår var ein plass han kunne komme til seinare.

Å vere offentleg kristen

Krossmykka mine er dei finaste eg har, og det er også dei smykka eg bruker mest av dei eg har. Den siste veka har det vore mykje debatt om bruk av korssmykker i offentleg rom etter at ein av NRK sine nyheitsankarar fekk påbod frå leiinga om å ikkje bruke det på TV.

 

Når eg er i praksis på skuler vel eg å ikkje bruke korssmykka mine den første tida. Det er ikkje fordi eg ikkje tør å seie at eg er kristen, men det er fordi at eg vil at elevane skal bli kjend med meg som læraren deira – og ikkje som ho kristne. Krossen er i mange høve blitt eit motesymbol, men ein kjem ikkje vekk ifrå at det er Jesus og kristne ein forbinder med han. Eg meiner ikkje at ein skal skjule kva ein trur på, fordi eg meiner at det er det alt for mange som gjer allereie! Men samstundes trur eg krossen av og til skal ligge heime. Krossen gjer oss alle ein assosiasjon, og denne kan vere god eller dårleg. Krossen let oss stemple ein person, og personen kan fort bli den same som krossen. “Ein kristen. Ein av dei. Ein som eg ikkje kan relatere meg til. Ein som ikkje forstår meg. Ein som har det så alt for enkelt i livet.”

 

Mitt ønskje er at elevane, og dei eg møter, skal sjå meg for meg. Eg trur at Jesus er i meg, og difor vil også han vere ein del av meg om eg har krossmykket på eller ikkje. Nestekjærleiken som Jesus læra oss er den eg vil at folk skal møte uansett. Krossmykket er for meg eit slikt merke som ein fester på kofferten sin når ein skal ut å reise: Den er min! Den tilhøyrer meg! Andre kan også sjå kven eg tilhøyrer, men først og fremst er det eg som ser kva som står på lappen for å vere sikker på at det var den eg skulle ha. Eller eit slikt band som nyfødde og mødrene får på sjukehuset. Sjølv når banda er fjerna, veit ein at dei tilhøyrer kvarandre.

 

Utfordringa er difor å vere ein kristen i det ein seier og gjer, og krossmykket speler ikkje så stor ei rolle. Det kan vere der, eller ikkje. Det er ikkje krossmykket som stadfestar om du er kristen eller ikkje!

For det som betyr noe, er ikke å være omskåret eller uomskåret, men å være en ny skapning. (2. Galaterbrev 6, 15)

 

 

Vil du lese meir om debatten rundt krossmykket?

http://www.vl.no/troogkirke/korsvekkelse-pa-sosiale-medier/

http://www.vl.no/samfunn/korskamp-skyldes-muslimfrykt/

http://www.vl.no/samfunn/nei-til-hijab-hodeskalle-og-halvmane/

http://www.vl.no/samfunn/kors-saken-engasjerer-ogsa-utenfor-norge/

“Ingen tid å miste”

“Ingen tid å miste” er slagordet til årets TV-aksjon som finn plass i morgon, søndag 20. oktober. Innsamlinga går til Nasjonalforeningen for folkehelsen, og fokuset ligg på demens. Demens er ein sjukdom som mange blir ramma av enten sjølve eller gjennom eit familiemedlem. Personleg kan eg fortelje historia om farfaren min som har ei form for demens kalla alzheimer.

 

Demens er ei samlebetegning, og alzheimer den vanlegste formen. Omtrent 60% av alle demenstilfelle er alzheimer. Nervecellar i delar av hjernen døyr om ein er ramma av alzheimers sjukdom, Stoffar i hjenen hamnar også i ubalanse og koplinga mellom dei døde nervecellane blir færre. Alzheimers sjukdom tilhøyrer forma degenerativ demens.

 

I 2006-2007 fekk min farfar diagnosen alzheimer. Då gjekk eg i tiandeklasse, og opplevde det heile svært tungt. Farfar har alltid vore helten min. Farfar var sterk, kjekk, ordentlig, musikalsk, rydding, smart, sprek og ei god hand å halde i. Då vi leika i fjæra, lagde han båtar, hjalp oss å fange krabbar og andre stilige organismar, han kunne sløye fisken og han fiksa alt. I stova hadde han ein fast stol, og sjenken ved sidan av var alltid ryddig og organisert. Der sto barbermaskina hans, pennane låg på rekke og rad, musikkplatane sto fint i hyllane sine og kryssorda var fint bretta. På fanget til farfar kunne vi alltid kome for å lære å løyse kryssord, og det var noko av det beste eg visste. Etter middag pleide farfar alltid å gå ut i finstova er pianoet sto. Slik som far sin hadde farfar vore klokkar, og hadde ein nydeleg sangstemme. Dei gamle salmane ljoma, og vi elska det. Når eg tenkjer tilbake på det, trur eg kanskje farfar og pianospelinga hans var grunnen til at eg byrja på musikkskole for å lære tangentinstrumentet sjølv. Men så byrja farfar å forandre seg.

farfar og megFarfar byrja å gløyme meir enn han pleidde. Farmor merka at han ikkje var like oppvakt i trafikken som før, men tenkte ikkje mykje over det i starten. Min siste køyretur med farfar var på vinteren ein gong eg og systera mi kom på besøk. Vi vart henta på fergekaja, og det snødde. Sikta var ikkje all verda, men vi merka fort at farfar ikkje oppfatta alt rundt seg. Bilen var fleire gonger nære ved å køyre i grøfta før farmor ropte til, og så køyrde vi midt i vegen. Farmor klaga, og farfar berre lo det vekk: “Du kan jo berre lukka auga, viss du syns det er så gale!” Det var også andre småting som forandra seg. Det var ikkje lenger så ryddig på sjenken hans. Vi undra oss litt, men eg kan ikkje hugsa at vi tenkte meir over det heller. Farfar slutta også å reparere ting som han oppdaga. Før hadde han umiddelbart reparert ei dør som knirka eller ei kran som draup, men no ensa han det ikkje meir. Så slutta han gradvis å spele på pianoet. Ting tok lenger tid, og han gløymde meir og meir. Namn, stader, ting han hadde sagt eller andre hadde sagt til han gjekk i gløymeboka. Vi skjønte at noko var gale, og fekk han til slutt med til legen. Det tok ikkje lang tid før han fekk diagnosen, og då forsvann også førarkortet til farfar. Det var ein stor overgang! Farmor kan ikkje køyre, og med eitt stod dei utan moglegheit til å kome seg nokon stad. Farfar skjøna ikkje kvifor han ikkje fekk lov å køyre, og gjekk med nykkelen i lomma i lang tid. Men han respekterte legen sitt forbod, sjølv om han syntes det heile var tungt. Farfar pleide ofte å gå tur i området, og bygda kjende han i utgangspunktet ut og inn. No byrja han å gå seg vekk, så farmor var redd kvar gong han gjekk ut døyra. Eit av dei sørgeligaste minna eg har, var når ein av systerane mine satt og spela på pianoet og farfar sa med eit sukk: “Eg hugsar ikkje korleis eg skal spele lenger…” Han visste då at han var sjuk og korleis sjukdomen arta seg. Korr redd må han ikkje ha vore? Då ting forverra seg slik at farmor ikkje klarte å ta seg av farfar uten at det vart valdsam krangling for den minste ting, skjøna ho at sjukdomen krevde meir enn ho sjølv makta. Farfar vart sendt til sjukeheim omtrent tjue minutt køyring unna farmor.

 

Farfar syntes ikkje det var kjekt å vere på sjukeheim i starten, men eg trur han skjøna at det var det beste. Nokre gongar gløymde han namna til oss borneborna, men han visste kven vi var i fleire år. Han blanda også namna på borna sine etterkvart, men han visste at det var borna sine. Pappa laga ei biletebok med namn på foreldra, sysken, born og borneborn, vener og andre familiemedlemmar i. Den bladde vi ofte i, og ein gong såg vi eit nytt bilete av farmor utan at ho var til stada. “Kven er det?” Spurde han, “Det er kona di, Borgfrid.” Forklarte vi roleg. “Nei, ho ser ikkje slik ut!” Sa han med bestemd stemme. Då farfar var ung og hans far med sysken og borna samla seg, sang dei alltid saman. Dei spelte også inn ein god del av desse sangstundene, som pappa fekk overført på CD-plater. Desse platane byrja vi å spele på sjukeheimen, og ein gong da vi sjeldnare og sjeldnare fekk til å samtale med farfar satte vi på ein song der far hans, min oldefar, sang. Farfar kvakk til og sa: “Pappa!” Det hugsar eg som ei flott episode i ei trist tid. Eg pleide også å stryke farfar på handa, og den haldt eg fast i gjennom heile besøket. Han såg på meg lenge om gongen, som om han prøvde å hugse noko. Og han smila mykje då vi var der. Men så forsvann endå meir…

 

Farfar vart tynnare. Andletet hans var nesten ikkje til å kjenne igjen, og både blikkontakt og ord var vanskelege å få til. Det siste eg hugser farfar si, var då eg og han eg er gift med no besøkte han i påska 2010. Ein sjukepleiar kom innom og spurde: “Vil du ha kaffe, Gunnar?” “Ja! Kaffe!” Svara farfaren min som fram til då berre hadde vore fjern.  Farfar er framleis i live, sjølv om vi har trudd at han skulle døy fleire gonger. Farfar er ein sterk mann, og det er berre hjernen det er noko gale med. Når eg tenkjer på farfar no, blir eg ikkje trist – ikkje anna enn at eg håper han for kome heim til himmelen snart. Det fortener farfaren min. Eg veit ikkje korr mykje han oppfattar av kvardagen her og no. Eg veit ikkje om han kan tenkje noko rundt sin eigen situasjon. Men både farmor og pappa har sagt at av og til, ein sjelden gong, kan dei få eit kjapt glimt av blikkontakt. Og somme tider er det som om at farfar vil seie noko, men det blir berre babling.

 

Farfar er framleis en av heltane mine, sjølv om den farfaren eg ein gong hadde og kjende ikkje er her på same måte meir. Eg er utruleg takksam for alle turar og opplevningar eg har med farfar, og eg håper at han om ikkje lenge kan få finne fred.

 

Kjelder:

http://www.apotek1.no/hjerne-og-nerver/alzheimer-og-demens

http://www.nrk.no/tvaksjonen/