No kjem våren snart!
Eg elsker vår. Kanskje er det fordi eg er lei av å ha på meg masse klær og det kalde. Men det er noko særskilt med fuglane som kvitrer, snøen som smelter og blomstrene som sprett fram. Og då kan eg ta fra kameraet og knipse i veg.
I går kveld gjekk og kjærasten ein lang tur i kveldssola. Klokka var åtte, og turen tok ein heil time. Vi koste oss i finveret, prata om bryllaup og framtida. Det er mykje vi ikkje veit, men ein kan jo ikkje vite alt om kva som vil hende heller.
Eg håper du har ein god dag, og viss ikkje: sjå etter dei vesle tinga…
Det er fredag, men søndag kjem
Det er langfredag i dag – den dagen Jesus døydde. Historia fortel om at han vart pina, spytta på, håna, freista, svikta. Men slik som det vart sagt i filmen ovanfor, og som Jesus også seier – søndag kjem.
Markus 14: 27 Saman med Jesus krossfeste dei to røvarar, ein på høgre og ein på venstre sida hans. 28 Såleis vart det oppfylt, det skriftordet som seier: Og han vart rekna blant lovbrytarar. 29 Dei som gjekk forbi, spotta han, riste på hovudet og sa: «Sjå no, du som riv ned tempelet og byggjer det opp att på tre dagar! 30 Frels deg sjølv og stig ned frå krossen!» 31 Like eins hånte overprestane og dei skriftlærde han og sa seg imellom: «Andre har han frelst, men seg sjølv kan han ikkje frelsa! 32 Lat no Messias, Israels konge, stiga ned frå krossen, så vi kan sjå og tru!» Dei som var krossfeste saman med Jesus, spotta han, dei òg. 33 Då den sjette timen kom, vart det mørkt i heile landet, og mørkret varte til den niande timen. 34 Ved den niande timen ropa Jesus med høg røyst:
« Eloï, Eloï, lemá sabaktáni?»
Det tyder: « Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?» 35 Nokre av dei som stod der, høyrde det og sa: «Høyr, han ropar på Elia.» 36 Då sprang det ein fram og fylte ein svamp med vineddik, sette han på ei stong og ville la Jesus få drikka. «Vent», sa han, «lat oss sjå om Elia kjem og tek han ned.» 37 Men Jesus ropa høgt og anda ut.
Å lage vind
To born sprang foran mødrene sine; ei jente og ein gut på omkring 3 år. Ute var det ein del vind, og plutselig snudde jenta seg og sa til guten: “Æ spring så fort at det bli vind!” Guten smilte og ropte: “Ja!” Så sprang dei berre endå meir, for dei skulle jo lage vind!
Det slo meg då eg såg dei her to borna, at dei har ein utruleg sjølvtillitt! Smila og latteren deira gav gjenklang i hjartet mitt, og eg berre såg på dei der dei sprang tjue meter foran mødrene. Dei vaksne tok det med ro, kanskje ensa dei ikkje vinden ein gong. Eg la ikkje merke til han før jenta kommenterte det. Vinden kan vi ikkje sjå, vi kan kanskje høyre han eller sjå effektane – men berre om vi ser etter. Viss det er storm legg vi i alle fall merke til han!
Jesus seier at vi må bli som born får å komme inn i himmelriket. Kva vil det seie? Eg har høyrt mange som prøvar seg på ei forklaring eller på ei utgreiing. Men desse forklaringane kan ofte sprike ganske mykje, og det er ikkje fordi nokon er feil – men det er fordi mykje av det Jesus sa gjeld på fleire områder. Med tanke på denne opplevinga eg hadde i går med desse borna, kan bodskapen til Jesus vere å leggje merke til dei små tinga – dei vi ikkje ser med ein gong (slik som vinden).
Og så er det fascinerande å vite at ordet vind er på gresk (pnevma) og hebraisk (rauch) det same ordet som nyttast om ånd. Vinden viser noko om korleis Den Heilage Ande fungerer. Du kan ikkje kontrollere eller manipulerer vinden. Du kan heller ikkje sjå han, men du kan sjå effekten av han. Da Jesus i Joh. 3, 8 forklarer korleis Den Heilage Ande fungerer for Nikodemus, nytter han ordet Pnevma, vind.
Joh. 3, 8: Vinden (Pnevma) blåser dit den vil. Du hører den suser, men du vet ikke hvor den kommer fra og hvor den farer hen. Slik er det med hver den som er født av Ånden (Pnevma).
Kva for små ting i livet ditt treng du å leggje meir merke til?
Å elske sitt uønska barn
Eg har det med å berre komme over filmer på youtube som gjer inntrykk, og her er ein av dei. Eg roper eit høgt HURRA for dei som gjer ein innsats ved å hjelpe desse borna som har blitt utsett for valdtekt og incest og blitt gravide. Det arbeidet dei gjer er livsviktig – det kan ein høyre når jentene fortel historiene sine. Samstundes blir eg litt trist når eg høyrer denne jenta seie at “Før eg vart gravid, ville eg bli politi. No håper eg at sonen min kan bli det, slik at han kan gjere det eg ikkje klarte.” Denne jenta er 15 år! Å vere aleine med eit lite barn når du sjølv er eit barn gjer det ikkje lett å få ta ei utdanning, så det ho seier er nok realiteten hennar.
Men eg trur dei lærer noko på denne mødreheimen som mange i Noreg (og andre stader) gløymer: å lære seg å elske. Når ein har opplevd noko so vondt som valdtekt eller incest, kan ein ikkje forvente at jentene skal elske borna sine med ein gong. Borna er jo eit bilete på deira øydelagde liv, kan ein seie. Denne mødreheimen har klart å lage ein kultur der jentene ikkje får høyre at dei er verdilause, dei får kjenne på det å bli elska sjølv, dei får vener og “systre” – og dei lærer seg å elske det uønska barnet. Det kan vere ein lang prosess, og det er heller ikkje sikkert at alle klarer å stå ut heile. Det denne jenta i filmen sa som fekk meg til å smile stort var: “Då eg såg sonen min for fyrste gong, ynskjte eg ikkje lenger å bli kvitt han.”
Ting kristne seier
Eg vart vidaresendt til ei nettside som læraren min på bibelskulen la ut på facebook nett no. Tittelen var “Shoot Christian says”, og tok for seg ting som vi kristne seier – men som kan høyrest litt rart ut. Eg trakk litt på smilebånda, og tenkte – joda, det er jo rett det. Difor vil eg leggje fram nokre av punktane her på norsk, og så kan du jo lese sjølv kva som sto i originalen på engelsk.
“Det er ikkje religion, det er ein relasjon.” Dette er ei setning som blussa veldig opp på facebook for ikkje så lenge sidan då videoen “Why I hate religion, but love Jesus” vart delt av nesten alle mine kristne vener i alle fall. Setninga blir oftast sagt for å fortelje ikkje-kristne at trua vår er aktuell, at han ikkje er eit åk og at vi kristne ikkje er kjedelege. Heile greia er ikkje særleg forskjellig frå å vere i ein kjærleiksrelasjon. Dette kan vere vel og bra til depresjonen og kjensla av å vere aleine kjem. Då er det berre tomheit, og Gud er milevis vekk. Denne videoen vart laga av ein katolsk prest som ein respons til den eg nemnte ovanfor, og eg synes han skildrar kva religion er ganske bra.
“Eg er saman med Jesus nett no.” Dette kan ein kristen seie for å forsvare kvifor ein er singel eller avvise eventuelle “friarar”. For ei tid kan det å prioritere Jesus i livet framfor noko romantisk samkvem vere ein positiv ting, og ofte slenger ein med eit trist “sorry” eller “orsak” foran. Ein trur det kan spare eit knust hjarte om ein seier det i staden for eit enkelt “nei”. Eller “Eg sparar meg sjølv til ekteskapet.” Det er vel og bra, men det er mykje enklare å seie det som singel enn når man er i eit forhald og ikkje støtar på lyster, vanskar og si eiga svake sjel.
“Eg har eit hjarte for Indonesia.” Eg veit eg seier det ganske ofte (“Indonesia er mitt hjarteland”). Det er for å seie at denne saka har ei eiga plass i hjartet mitt, og eg vil gjerne gjere noko ekstra for dette landet/denne saka/desse menneska. Det må ikkje vere Indonesia, men kan vere heimlause, ufødde barn… Problemet er at denne kjærleiken kan også gjere det enklare å distansere seg frå menneska det gjeld: namna deira, draumane deira, kven dei faktisk er… Heile denne hjarte-saka kan bli ein demografisk og eiesjuk greie som gjer alt teoretisk.
“Gud, vi ber berre om at du må vere oss nær og at du berre må sende din Heilage Ande, og at du berre må høyre bøna vår og berre sende ei vekking.” Vi evangeliske kristne er kjempeflinke til å be “berre” mykje. Den kan gjerne vere lang og høglydt, og ein får bonuspoeng for kor månge “berre” vi kan få med i bøna. Kanskje er det berre ei vanesak, at det ikkje ligg noko djupare i bruken av ordet “berre”. Men kanskje ligg det noko djupare bak det: ei kjensle av at noko ikkje er godt nok for Gud – ein teologi om at noko ikkje er nok. Som om Gud rett og slett ikkje vil gi oss det. Så vi ber om det. Berre det.
Og så har du dei som er aleine og er utanfor kyrkjelyden. Kyrkja seier: hekt dykk på, som om det var den lettaste saken i verda. Andre slit og har ei kjensle av å vere avvist. Kyrkja seier: Du burde dykke meir i Ordet, som om å opne Bibelen gjer alt bra igjen.
Vi kristne er så flinke til å formulere vår eigen teologi, ut i fra korleis vi ser verda, samfunnet og utviklinga. Religion er blitt til relasjon, fordi religion er ofte kobla saman med noko strengt og tungt noko. Å hekte seg på kyrkja skal jo vere så enkelt, fordi kyrkja er jo for alle. Vi forandrar tydninga på små ting om gongen, og vi kan sjå det om vi vil. Og vi forstår det også. I alle fall sånn etterkvart. Orda er så enkle å seie – vi forenklar bodskapen for vår eiga og andres skuld.
Men så var ikkje Jesus heilt enkel.
Han vandra den långe, skitne vegen med andre slitne reisande. Han sa noko nytt og braut alt av klisjé. Han prata, diskutera, lytta og forklara. Han vart verande til orda gjekk opp. Til dei såg at det var Jesu ord heile tida.
Eit bilete seier meir enn tusen ord
Eg fekk eit kamera til jul av foreldra mine – og det er jo kjempekjekt! Eg liker å ta bilete, men det er ikkje alltid at eg hugser å ta det med når eg skal ein stad eller så ser eg ikkje motiva for meg. Men når eg ser på flickr eller weheartit, så kjenner eg kor det kriblar i fingrane etter å ta nokre heilt fantastiske bilete sjølv. Så her kjem nokre eg har tatt i dag på veg heim frå kyrkja.
Ein kan ikkje la vere å smile når sola skin og vårkjensla har byrja å ta tak! Det er herleg å vere ute, gå ein tur, ta bilete… Hadde det ikkje vore for eit hovent kne skulle eg gått ein lang tur i dag, trur eg. (Og nei, eg veit ikkje kva eg har gjort meg, men eg har altså eit kne som ikkje fungerer heilt som det skal.)
You’re gonna make me lonesome when you go
Her kjem ei ny musikkanbefaling frå meg! Denne gongen er det faktisk…. Miley Cyrus! (Kven skulle trudd det?) Miley har nokre låter som eg ikkje er heilt tilhengjar av, men andre er igjen ganske bra. Ho har ei utruleg stemme, sjølv om den til tider kan vere litt vel nasal for at eg liker det. Denne songen er ei cover-låt av Bob Dylan, og etter mi meining er den heilt nydeleg – og Miley gjer den veldig, veldig bra.
Eg er så glad for å sjå deg!
Då eg satt på bussen i dag kom det på ein far med sin vesle son. Plutseleg fekk denne guten auge på ein kamerat som satt framom meg og han reiste seg opp i vogna si og gliste. Guten framom meg reiste seg i bussetet og klarte omtrent ikkje stå i ro, og dro i mora for at ho skulle løfte han over seg og fylgje han ned til der kameraten og faren sto. I setet hadde guten på 2-3 år snudd seg og sett på oss som satt i rundt; han gliste og augo stråla! Det var som om han ville seie: “Ser dykk! Ser dykk at der er kameraten min! Han er der – er ikkje det herleg?” Guten i vogna lo og venta, og då kameraten kom bort til han gav dei kvarandre ein “high-five”.
Det var ei utruleg glede over å sjå kvarandre, og eg kunne ikkje la vere å tenkje på at denne gleda likna så mykje på den gleda Gud har for oss. I Sefanja 3, 17 står det:
Herren din Gud er hos deg,
ein helt som frelser.
Han gleder og frydar seg over deg,
viser deg atter sin kjærleik.
Han jublar over deg med fryd
Den utheva setninga tyder på hebraisk at han jublar slik at han snurrar seg rundt seg sjølv av glede – er ikkje det litt stilig å tenkje på? Så fantastisk glad blir Gud av å tenkje på meg og deg. Ei anna historie som fortel om kor glad Gud er i oss finn vi i Lukas 15 – Den bortkomne son:
11 Jesus sa: «Ein mann hadde to søner. 12 Den yngste sa til far sin: ‘Far, lat meg få den delen av formuen som fell på meg.’ Så skifte han eigedomen sin mellom dei. 13 Ikkje mange dagane etter selde den yngste sonen alt det han eigde, og drog til eit land langt borte. Der levde han eit vilt liv og sløste bort formuen sin. 14 Då han hadde sett alt over styr, vart det uår og svolt i landet, og han tok til å lida naud. 15 Han gjekk då til ein av mennene der i landet og bad om arbeid, og mannen sende han ut på markene sine for å gjeta grisene. 16 Han ønskte berre å få metta seg med dei belgfruktene som grisene åt, men ingen gav han noko.
17 Då gjekk han i seg sjølv og sa: ‘Kor mange leigekarar heime hos far min har ikkje fullt opp av mat, og her går eg og svelt i hel! 18 Eg vil bryta opp og gå heim til far min og seia: Far, eg har synda mot Himmelen og mot deg. 19 Eg er ikkje verd å kallast son din lenger. Men lat meg få vera som ein av leigekarane dine.’ 20 Så braut han opp og gjekk heim til far sin.
Medan han endå var langt borte, fekk faren sjå han, og han fekk inderleg medkjensle med han. Han sprang imot han, kasta seg om halsen på han og kyste han. 21 Då sa sonen: ‘Far, eg har synda mot Himmelen og mot deg. Eg er ikkje verd å kallast son din lenger.’ 22 Men faren sa til tenarane: ‘Skund dykk! Finn fram dei beste kleda og ha dei på han, og lat han få ring på fingeren og skor på føtene. 23 Hent så gjøkalven og slakt han, og lat oss halda måltid og feira. 24 For denne sonen min var død og har vorte levande, han var bortkomen og er attfunnen.’ Og så tok festen og gleda til.
25 Den eldste sonen var ute på marka. Då han gjekk heimover og nærma seg garden, høyrde han spel og dans. 26 Han ropa på ein av karane og spurde kva som stod på. 27 ‘Bror din er komen’, svara han, ‘og far din har slakta gjøkalven fordi han fekk han velberga heim att.’ 28 Då vart han sint og ville ikkje gå inn. Far hans kom ut og prøvde å overtala han. 29 Men han svara attende: ‘No har eg tent deg i alle år og aldri sett meg opp mot dine bod. Men meg har du ikkje gjeve så mykje som eit kje, så eg kunne halda fest saman med venene mine. 30 Men når han kjem heim, denne son din som har sløst bort pengane dine i lag med horer, då slaktar du gjøkalven for han!’ 31 Då sa far hans: ‘Du er alltid hos meg, barnet mitt, og alt mitt er ditt. 32 Men no må vi halda fest og vera glade. For denne bror din var død og har vorte levande, han var bortkomen og er attfunnen.’» (Luk. 15)
Ein kan tenkje at ein ikkje er verd Guds kjærleik, at ein ikkje fortener det og ikkje er god nok – men Sefanja 3,17 gjeld deg! Og det speler inga rolle kva du har gjort, for Gud er slik som faren i historia ovanfor: sonen kunne like gjerne sagt at “eg skulle ynskje du var død, pappa” då han bad om pengane, men når sonen kom heim igjen vart faren overlukkeleg! Det er min Gud.
Å vere ei skyteskive for trua si
I desse dagar er det ei bok som heiter “Profeten fra Snåsa” som kjem med massiv kritikk mot Joralf Gjerstad, også kjend som “Snåsamannen” (eller på dialekt “Snåsakailln”). Gjerstad er 85 år og har hjulpe mange menneske opp gjennom åra. Han har helbredande evnar, noko som ein del naturleg nok tvilar på. Kritikk skal vere heilt greitt å kome med, men når ein går til angrep på ein person som heile livet har kjempa for det gode – då er det ikkje bra!
Alt Johanson har skrevet i sin bok sårer meg fryktelig. I natt hadde jeg store problemer med å få sove. Jeg kan ikke se andre motiver enn at Johanson vil motarbeide kristendommen og det guddommelige, sier Gjerstad.
Jeg har aldri sett for meg at en slik kritikk. Hele mitt liv har jeg jobbet for skole og kirke. Jeg har bestandig ønsket å beholde kristendomsfaget i skolen. Om ikke kristendommen blir tatt hensyn til og ført tilbake inn i skolen, vil Norge tape absolutt alt av moral, hevder Gjerstad og sier at Norge som kristen nasjon er forpliktet til å fremme kristendomsfaget i skolen.
Joralf Gjerstad har ei personleg kristen tru, men eg har høyrt fleire stille spørsmålsteikn til nokre ting han har sagt. Eg skal ikkje gå nærmare inn på det, men eg vil seie at viss ein vil vere kristen og leve som ein er det nesten til å rekne med at ein vil møte kritikk og angrep. Bibelen seier også mykje om det: det er ikkje lett å vere kristen med ei verd med heilt andre standardar.
Så sa han til dei alle: «Vil nokon følgja etter meg, må han seia nei til seg sjølv og dag for dag ta krossen sin opp og følgja meg. (Luk. 9, 23)
Ja, sæle er de når folk for mi skuld spottar og forfølgjer dykk, lyg og talar vondt om dykk på alle vis. Gled dykk og jubla, for stor er løna dykkar i himmelen. Slik forfølgde dei òg profetane før dykk. (Matt. 5, 11-12)
Verda er full av kritikk mot Jesus og mot oss som vel å følgje han. Nokon opplev å bli fengsla, torturert og drepen fordi dei er kristne. Her i Noreg er det mest ord som held oss nede, og på skulen kan medelevar halde oss utanfor dei sosiale samlingane. Det er vondt og sårande, men det er ein pris vi må vere budd på – fordi Jesus har allereie sagt at det er noko vi kan møte. Vi kan nok aldri vere heilt budd slik at det ikkje sårar oss, men vi kan trøyste oss med at vi har ein Gud som ser og som høyrer.
Og så eit oppmuntrande ord til slutt:
Stå på Joralf Gjerstad, og alle kristne rundt omkring!
De er lyset i verda! Ein by som ligg på eit fjell, kan ikkje gøymast. Ingen tenner ei oljelampe og set henne under eit kar. Nei, ein set lampa på ein haldar; då lyser ho for alle i huset. Slik skal lyset dykkar lysa for folk, så dei kan sjå dei gode gjerningane dykkar og prisa Far dykkar i himmelen! (Matt. 5, 14-16)
Kjelde (Joralf Gjerstad): http://www.dagbladet.no/2012/03/10/nyheter/klarsynt_krangel/snasamannen/bok/kritikk/20625654/
Ei kvinne etter Guds hjarte
Gratulerer med dagen, alle kvinner! I dag er det kvinnedagen, ei markering som starta for litt over 100 år sidan i New York der kvinner demonstrerte for stemmerett. Likestillinga har nådd langt, særleg i vesten. Og det er godt, men nokre gonger blir eg usikker på om vi fokuserer rett. Vi blir prega av eit kjønnsideal frå samfunn og media – kvinna skal ut i arbeidslivet, kome seg opp og fram, men ho skal samstundes vere ei god mor. Kan ein ikkje gjere begge deler? Jo, det kan ein – men ein kan ikkje vere like fullt og engasjert i begge rollane. Mannen skal ta omsyn til kvinna og sleppe ho fram koste kva det koste vil. Han kan vere litt meir heime med borna, men ikkje så mykje som kvinna – det er jo trass alt ein nærare relasjon mellom mor og barn. Samstundes skal ikkje kvinna vere heime med barnet at det fratek ho tid på jobb; ut i arbeid etter maks eitt år – husmorrolla gjer ein jo ikkje karriere i. Og media seier også korleis vi kvinner skal sjå ut: nysminka og friserte, slanke – gjerne godt trent, vi skal vere sjarmerande og vellukka. Det er ikkje rom for sprekkar i det biletet som blir danna, og difor er det mange kvinner som har problem etter problem. Eg når ikkje opp, eg strekk ikkje til, skal det liksom vere meg? Vi strebar etter å bli finare, flinkare og sterkare – men vi gjer det på premissane til samfunnet og media. Skal vi forsøke å strekkje oss høgare og nå vårt fulle potensiale, er det premissane til Gud vi må sjå etter.
Kvinnene i Bibelen er sterke, sjølv om dei er svake. Ta til dømes Eva, den første kvinna; ho var skapt som ein medhjelp – eller ein like – til Adam. Dei hadde det godt slik som Gud hadde skapt, men ho svikta – og han svikta. Eva vart tung om hjartet då ho skjøna konsekvensane av det ho hadde gjort, men håpet i at Gud ville vere med dei stoppa henne ikkje. Gud lova at gjennom Eva skulle det komme ein som skulle gjere ting rett, og det haldt ho fast ved når sønene hennar vart fødd. Og så har du Rut (som har si eiga bok i Bibelen) som mista ektemannen og svogeren, men valte å følgje svigermora då ho kunne dratt heim til sin far. Ho er ofte blitt kalla den perfekte svigerdotter. Ester er også ei sterk kvinne; ho vann til og med ein skjønheitskonkurranse som kong Xerxes arrangerte og ho vart kona hans. Ho lydde Gud og fosterfar sin, og redda folket sitt i dette ekteskapet. Maria, Jesu mor, var kanskje berre 13 år då ho fekk høyre at ho skulle bli mor til Guds son. Ein kan ikkje tru at ho ikkje var redd, men ho hadde gitt hjartet sitt til Gud og stolte på han. Då ho godtok dette, sa ho også ja til baksnakking, utestenging og ho risikerte å bli drepen. Andre flotte kvinnfolk er: Sara, Rakel, Rebekka, Lea, Hanna, Maria Magdalena, Debora… Det er så månge kvinner i Bibelen som er så gode idealar, så kvifor sug vi til oss alt av moteblad og kjendissnakk?
Eit hjarte vendt mot Gud er eit hjarte som er klar for ei forvandling. Gud elskar oss utruleg høgt, og han har gitt kvinna ei heilt spesiell rolle i verda. Kvinna er skapt til å vere mannens like, men også til å vere under mannen. Ikkje underkua, men ein støttespelar. Ein kan ikkje seie slikt no til dags; det er mot likestillinga og det er kvinnefiendtlig. Men eg trur at kvinna er under mannen, slik som mannen er under Kristus. Det gjer han (mannen) ikkje rett til å manipulere eller tvinge, men det handlar om respekt og tillitt. “Behind every great man, is a strong woman” er det eit sitat som seier – og ein skal ikkje sjå bort ifrå at det stemmer. Då kvinna vart skapt som mannens like, medhjelp, var det ei meining med det. John og Stasi Eldredge har skrive ei bok som heiter “Kvinnens skjønnhet” som tar for seg verdien til kvinna ut i frå Guds premissar, og korleis verda forfalskar og lyg. Eg har også skrive om Eva og Maria Magdalena tidlegare på den forrige bloggen min som du kan lese her.
Kvinneforskjemparar og viktige saker der kvinner er involvert er det månge av, og det er nokre eg gjerne vil opplyse om på denne dagen.
- Kvinnene i kvitt (Cuba)
- Asia Bibi
- Aung San Suu Kyi (Det kjem også ein film om ho.)
- “Where do we go now?” (Ein film om libanesiske kvinner som vil ha fred.)








