Category Archives: Livet
Hjernevaska, eg?
Forrige fredag var eg på fest med folk frå trinnet mitt på lærarutdanninga. Då vart eg sittande å prate med ein fyr eg ikkje har snakka med før. Han var ateist, men understreka at han hadde stor respekt for trua mi. Samstundes undra han seg, fordi trua mi ga jo inga meining for han. Korleis …
Du som bergar både menneske og dyr
Då eg vakna av at forloveden sendte meg melding i går morges, skjønte eg at no var det ikkje lenge igjen. Egentleg skulle han komme rundt to-tida, plukke meg opp og køyre til dyrlegen. Men klokka sju på morgonen var situasjonen altså ein annan; hunden var blitt mykje verre over natta. Vi var hos dyrlegen …
His eye is on the Sparrow
Takk for sist. No har eg hatt ei god stund utan blogging, og det har den enkle forklaringa at eg ikkje har tatt meg tid til å skrive eit innlegg i eksamenslesinga. Men no kjem det eit lite innlegg der eg vil skrive litt om Gud og ei musikkanbefaling i eitt. Songen “His eye …
Stoltheiten er ei fallgruve
Om eg skal ramse opp for dykk alt eg har vore med på, kan det bli ei lang liste. Men for å nemne noko, kan eg seie at eg har vore tillitselev, leiar i ein misjonskomité, konfirmantleiar, styremedlem i tre styrer, hovudleiar i barneklubb, leiar på fleire leirer, dirigent i barnekor, møteleiar, forkynnar, songar/solist… Eg …
I dag er ein god dag
Eg har det utruleg bra nett no. Det er ei kjensle som raskt kan forandre seg, men nett no har eg det heilt fantastisk. Og det er den kjensla eg vil dele med deg, ikkje fordi eg vil skryte – men eg vil berre minne deg på å nyte kvart eit minutt der du har …
“Æ klare det sjøl!”
For eit par veker siden, på veg til kyrkja, gjekk eg tvers over ein leikeplass. På dissestativet var det ein forelder og eit barn som leika saman. Faren sto foran, medan ungen prøvde å lage fart på eigenhand. Heilt konsentrert flytta ungen vekta att og fram for å skape ei rørsle. Litt etter litt kunne …
Ein vanskeleg dag
Vakre menneske, engasjerte menneske, menneske som vi aldri vil sjå att her på jorda. 22. juli i fjor mista Noreg flotte ungdommar og vaksne, og mannen som drap dei viser ingen anger i det heile. Det at Anders Behring Breivik ikkje synest å ha noko skuldkjensle til det han har gjort, gjer det endå tyngre …
Kvifor eg ikkje drikk alkohol
Når eg seier at eg aldri har drukke alkohol, ikkje ein gong smaka, er det fleire som sperrer opp auga. Dei trur det knapt, og dei lurer på korleis det er mogleg. “Alle” drikk jo, i alle fall av og til. Men eg gjer ikkje det. Det er ikkje fordi eg skal vere så flink …
No kjem våren snart!
Eg elsker vår. Kanskje er det fordi eg er lei av å ha på meg masse klær og det kalde. Men det er noko særskilt med fuglane som kvitrer, snøen som smelter og blomstrene som sprett fram. Og då kan eg ta fra kameraet og knipse i veg. I går kveld gjekk og kjærasten ein …
Å elske sitt uønska barn
Eg har det med å berre komme over filmer på youtube som gjer inntrykk, og her er ein av dei. Eg roper eit høgt HURRA for dei som gjer ein innsats ved å hjelpe desse borna som har blitt utsett for valdtekt og incest og blitt gravide. Det arbeidet dei gjer er livsviktig – det …