Monthly Archives: februar, 2012
Ein Gud som deg
Det er ikkje ein hemmeligheit at eg er utruleg glad i gospel, og Kirk Franklin er ein av mine favorittar. Han har ei stor gåve i låtskriving, forkynning og det å spreie bodskapen om Jesus Kristus. Han fortel ærleg om si eiga frykt i albumet “Hello Fear”, og han skildrar kven Jesus er og kva …
Kva er faste?
Faster du? Eg har aldri vore særleg flink til å markere fasta. Eg tenkjer kvart einaste år at: “i år skal eg gjere noko”, men så blir det berre med tanken. Eg vil jo gjerne at eg skal merke at eg faster, men korleis gjer eg det? Godteri et eg veldig lite av, datamaskina har …
Eit ekstra kromosom
Eg har fleire menneske eg ser opp til. Marte Wexelsen Goksøyr er ei av dei. Ho er ei fantastisk dame med eit engasjement som gir meg ei lyst til å tale hennar sak også. Ho har eit kromosom meir enn meg. Marte har downs syndrom. “Hadde jeg ikke hatt det ekstra kromosomet, hadde jeg jo …
Mine all mine
Her kjem ei ny musikkanbefaling frå meg. Eg har ei haldning til country at: noko liker eg, og noko liker eg ikkje. Det er jo forsåvidt slik med dei fleste musikksjangrane. Denne låta fann eg ved tilfeldig klikking på youtube, og eg fall for den – ikkje berre med tanke på melodien, men også på …
Framande
Denne filmen fortel om noko av grunnen til at eg skriv på bloggen her, og kvifor eg er så glad i å fortelje om det eg trur på. Eg veit ikkje kva for slags menneske som blir inspirert av det eg skriv eller seier, eg veit ikkje om det livet eg lever har ei …
Ojetønner og gassmaske
I går kveld var eg fyrst på Tapas (der vi spiste… akkurat: tapas) med nokre av jentene i klassen. Det var utruleg koseleg, og det er nokre herlege jenter eg får studere i lag med! Men eg fann ut at tapas-maten vi fekk ikkje heilt var min greie, sjølv om noko av det var heilt …
Tru + gjerning = frelse?
Eg har ofte hatt samtalen om “korleis blir ein frelst?”, og då kjem ein ofte inn på spørsmåla om det er nok å berre tru, eller må ein gjere gode ting også for å bli frelst? Eller kan ein som er veldig, veldig god bli frelst sjølv om han ikkje trur? Brevet Jakob har skrive …
Kjærleikens dag
14. februar: Valentinsdagen. Det er mange kjensler knytta til denne dagen; bitterheit, sakn, hjartebank og fnising. Eg har alltid likt konseptet, men aldri gjort noko særleg ut av dagen sidan eg gjekk i femte klasse og var superforelska i kjærasten min. Men det eg ikkje liker med valentinsdagen, er at han har fått så mykje …
Saman i bøn
Eg er så heldig å gå i ein kyrkjelyd med menneske frå heile verda, noko vi også har tilrettelagt ved å ha tolking på hovudgudstenestane våre (visse radar har moglegheit til å plugge inn eit høyreapparat). Når vi på eit punkt i gudstenesta opnar for bøn, er det fleire som ber høgt – på norsk, …
Eg er ingen superkvinne
Eg har gjort noko dumt. Det er ikkje fyrste gongen heller. Det ender ofte med misforståingar, sårheit og ekle kjensler. Og så grin eg, fordi eg skjøner at “fy søren, kvifor gjorde eg det?”. Dei to siste dagane har eg vore på Impuls leiardagar, og der hadde vi ein god del undervisning om det å …